Menu

Årsmøte i sogelaget

Årdal Sogelag heldt årsmøte i sogelagsbrakka torsdag 26. februar.

Sogelaget kan sjå tilbake på eit aktivt år. Eit år der medlemstalet i laget for første gong passerte 1.100. Ved utgangen av 2014 var det registrert 1.131 betalande medlemer, 78 medlemer meir enn for eitt år sidan.

På årsmøtet tok Bjørn Lindland attval som leiar. Ham går no inn sitt 15. år som sogelagsleiar.
Dei andre som var på val denne gongen, takka alle ja til ein ny valperiode. Rett nok med ei endring. Sigfrid Hovland bad om å få sleppa skrivararbeidet, eit verv ho har hatt i fleire år no. Det ønskjet vart imøtekome, og underteikna tok over som skrivar. Sigfrid held fram som styremedlem i laget.

Etter valet ser sogelagsstyret slik ut: leiar: Bjørn Lindland, kasserar: Helge Øvstetun, skrivar: Kjell Eldegard, styremedlemer: Oddvar Natvik, Jonny Asperheim, Sigfrid Hovland og Egil Jørgen Lund. Varamedlemer Astrid Myran Aarvik og Jan Grønsberg. Revisor: Einar Asperheim.

Les mer

Vegen

Filmen "Vegen" er kopiert over på DVD og  til sals for kr.175,-+ porto.

Ein film om endringane i bygdesamfunnet i Naddvik, Årdal kommune i Sogn og Fjordane, då vegsambandet kom i 1981.

Kan tingast: Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Tlf; 95997018

 

 

Les mer

Styret 2014

Leiar                           Bjørn Lindland , Tlf : 95997018

Kasserar                     Helge Øvstetun, Tlf : 45279580

Skrivar                        Sigfrid Hovland, Tlf : 57664930 / 91825007

Styremedlemmer         Oddvar Natvik   ( redaktør ), Tlf : 57661506 

Jonny Asperheim   ( fotoarkivar ), Tlf : 95832641 

Egil Jørgen Lund, Tlf : 57661596/91304321 

Kjell Eldegard, Tlf : 90041615 

Varamedlemmer           Astrid Myran Aarvik, Tlf : 91635360 

Jan Grønsberg, Tlf : 91358496

Les mer

Nytt bildearkiv

Det populære bildearkivet vårt er oppgradert med nytt design og nye funksjonar. Det er no enklare å søke i databasen og navigere gjennom bileta.

Alle er velkomne til å ta del i diskusjonar og kommentere under kvart bilete!

 

Les mer

Ny heimeside

Sogelaget har hatt eiga heimeside sidan 2001. Teknologien utviklar seg raskt, og det er viktig for oss å tilpasse heimesida med tanke på nye moglegheiter innan innhald og design.

Den nye sida er blant anna betre tilpassa nettbrett og smartmobilar. I tillegg kan me tilby meir dynamisk innhald ved å  legge ut bilder, video og lyd!

Kommentarsystemet i bildearkivet er lagt om slik at det no er enda enklare å bidra med tilleggsopplysninger m.m. for kvart bilete. 

Me vonar den nye heimesida fell i smak,  både for nye og trufaste besøkande!

 

Les mer

Årdal kommune 150 år

Årdal kommune sitt 150 års jubileum vart halde i Samfunnshuset Øvre Årdal i dagane tirsdag 16.februar til fredag 19.februar. Årdal Sogelag hadde utstilling, "Frå fossekraft til hjernekraft", ei biletreise gjennom Årdal si historie.

Les mer

Om Årdal Sogelag

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook