Menu

Hjarteleg takk

Årdal Sogelag takkar på denne måten for minnegåver til laget i samband med Per Oma Hæreids bortgang.

Med helsing

Styret i Årdal Sogelag

 

Open dag og litt til

 

Godt og vel 50 personar var innom Sogelagsbrakka i Saltviki under open dag i brakka laurdag 13. juni.

Open dag har blitt eit fast innslag på laurdag føremiddag under dei årlege Fjord til fjell-dagane på Årdalstangen. Og ein utekonsert med Årdalstangen Musikklag ved brakka har blitt ein tradisjon. Årdal Sogelag er særs glade for at musikklaget stiller opp og set ein spiss på arrangementet.

I år baud Sogelaget fram alle tre banda av Bygdebok for Årdal, samt Laberg-boka og jubileumsboka til Årdal kommune, til sterkt reduserte prisar på open dag. Og det var ein del som nytta seg av dette tilbodet.
Ei oppteljing syner at det vart selt nær 70 bøker. I tillegg til dei nemnde titlane, selde me også nokre eksemplar av Stadnamnboka til Sigurd Dahl Midtun.

Årdal før og no

For dei som ventar på sommarutgåva av sogelagsbladet, Årdal før og no, kan me fortelja at det snart er undervegs ut i postkassane dykkar. Skrivargarden fekk problem med ei trykkerimaskin, slik at dei har sett bort trykkinga til ein underleverandør denne gongen. Bladet er lova ferdigtrykt onsdag 17. juni, og det blir då sendt ut omgåande.
Distributørane (Budservice og Posten) må ha nokre dagar på seg, sik at bladet bør liggja i postkassen din om ei vekes tid. (Dette er skrive måndag 15. juni).

Medlemspengane 
Til dei som har gløymt medlemspengane i år: Sjå på nest siste side i bladet som kom ut til jul. Der står både kontingentsatasr og andre naudsynte opplysningar for å få betalt desse pengane.

Bileta frå open dag er tekne av Helge Øvstetun.

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter