Menu

Verksbåten er komen heim

Den gamle motorbåten til Årdal Verk, MB "Tya", er no komen heim att til Årdal. 

Etter at det tidlegare i år vart kjend at MB "Tya" var til sals, vart det starta opp eit arbeid for å sikra at båten kom heim att til Årdal. Båten låg i sommat ved kai i Drammen, og då tok ein delegasjon frå Årdal turen dit for å synfara båten. Med på synfaringa var også båtbyggjar Øyvind Hatlevoll på Ornes.

Båten vart funnen i god stand, og etter synfaringa tok Årdal sjøfront as på seg ansvaret med å kjøpa og stå som eigar av båten. Årdal Sogelag vedtok på styremøte den 6. sepetmber i år å løyva 50.000 kroner til Årdal sjøfront til heimkjøp av båten.

Fredag 9. november i år vart MB "Tya" henta heim att til Årdal. Det var O. Hæreid as sine folk som stod for transporten frå Drammen til Årdalstangen.

Vonleg vil den staselege båten bli å sjå på Årdalsfjorden etter kvart. 

Taket på Koparverkshuset må reparerast

Det freda Koparverkshuset treng tilsyn. Papp og treverk i taket må fornyast.

Torsdag 8. november hadde sogelaget besøk av seniorrådgjevar Arlen Synnøve Bidne og Stig Andreas Norumshaugen frå Nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei var her på ei befaring i samband med naudsynt vedlikehaldsarbeid på taket på Koparverkshuset. Eit hus som har vore i Årdal Sogelag si eige sidan det vart henta heimatt frå Luster tidleg på 1950-talet.

Frå Sogelaget deltok Egil Jørgen Lund, Bjørn Lindland og Jørgen Asperheim på befaringa. Byggmeister Jarl Inge Stevnebø er førespurd om å ta på seg oppdraget med reparasjonen, og han var også med på befaringa. 

Må fornyast

Torv, papp og synbart treverk på heile taket må fjernast før reparasjonsarbeidet blir gjort. Alt av papp og treverk skal fornyast. Om det eksisterande torvetekket skal nyttaast, eller om det må skaffast ny torv, er noko som må vurderast nærare. Jarl Inge Stevnebø skal ha løpande kontakt med dei fagansvarlege i Næring- og kulturavdelinga for å klargjera alle detaljar ved arbeidet.

Tidlegare har det vore snakka om å montera ei dør på utsida av hovuddøra til Koparverkshuset. Dette for å verja døra mot vêr og vind. Under synfaringa fekk Sogelaget førståing for eit slikt tiltak, og dette vil bli utført samstundes med takreparasjonen.

Bjørketre

I samband med arbeidet som må gjerast på Koparverkshuset, ønskjer Sogelaget at nokre bjørketre som er i ferd med å veksa innover huset, blir fjerna, Desse trea vil etter kvart kunna gjera skade på bygningen. Sogelaget vil ta kontakt med Hydro om dette.

Reparasjonsarbeidet på huset blir sak på styremøtet i Sogelaget 29. november. Der blir det også drøfta om laget skal søkja om tilskot frå fylkeskommunen til arbeidet. Sønadsfrist for dette er 1. desember i år.

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter