Menu

Taket på Koparverkshuset må reparerast

Det freda Koparverkshuset treng tilsyn. Papp og treverk i taket må fornyast.

Torsdag 8. november hadde sogelaget besøk av seniorrådgjevar Arlen Synnøve Bidne og Stig Andreas Norumshaugen frå Nærings- og kulturavdelinga i Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dei var her på ei befaring i samband med naudsynt vedlikehaldsarbeid på taket på Koparverkshuset. Eit hus som har vore i Årdal Sogelag si eige sidan det vart henta heimatt frå Luster tidleg på 1950-talet.

Frå Sogelaget deltok Egil Jørgen Lund, Bjørn Lindland og Jørgen Asperheim på befaringa. Byggmeister Jarl Inge Stevnebø er førespurd om å ta på seg oppdraget med reparasjonen, og han var også med på befaringa. 

Må fornyast

Torv, papp og synbart treverk på heile taket må fjernast før reparasjonsarbeidet blir gjort. Alt av papp og treverk skal fornyast. Om det eksisterande torvetekket skal nyttaast, eller om det må skaffast ny torv, er noko som må vurderast nærare. Jarl Inge Stevnebø skal ha løpande kontakt med dei fagansvarlege i Næring- og kulturavdelinga for å klargjera alle detaljar ved arbeidet.

Tidlegare har det vore snakka om å montera ei dør på utsida av hovuddøra til Koparverkshuset. Dette for å verja døra mot vêr og vind. Under synfaringa fekk Sogelaget førståing for eit slikt tiltak, og dette vil bli utført samstundes med takreparasjonen.

Bjørketre

I samband med arbeidet som må gjerast på Koparverkshuset, ønskjer Sogelaget at nokre bjørketre som er i ferd med å veksa innover huset, blir fjerna, Desse trea vil etter kvart kunna gjera skade på bygningen. Sogelaget vil ta kontakt med Hydro om dette.

Reparasjonsarbeidet på huset blir sak på styremøtet i Sogelaget 29. november. Der blir det også drøfta om laget skal søkja om tilskot frå fylkeskommunen til arbeidet. Sønadsfrist for dette er 1. desember i år.

Les mer

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter