Menu

Årdal Før og No i kjømda

Godt og vel 1.200 abonnentar vil få Årdal Før og No nummer 51 i postkassane sine i god tid før jul.

I Årdal blir bladet distribuert av Budservice as, og dei byrjar med den jobben i dag, onsdag 12. desember. I løpet av denne veka, seier dei, skal dei aller fleste medlemene våre i Årdal ha bladet i postkassen. Kanskje nokre få må venta til over helga på bladet.
Medlemer som ikkje bur i Årdal, får Årdal Før og No levert av Posten sitt distribusjonssystem. Tilbakemeldingar me har fått frå den kanten om endra adresser, tyder på at der er omdelinga av bladet alt i gang.

I nummer 51 kan de mellom anna lesa om fjellstølane til garden Midtun i Øvre Årdal, samt at Ingegjerd Ulvedal Havro skriv om minne ho har frå skulearet 196971970, då ho var lærar i Offerdalen.
Elles har me fått med oss at MB "Tya" er komen heim til Årdal att. Det blir også teke eit tilbakeblikk på små og større hendingar i Årdal, her i landet og rundt om i verda i 1978 og i 1993.

Les mer

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter