Menu
"Eg er i går"

"Eg er i går" (0)

Sogn og Fjordane teater syner framsyninga "Eg er i går" i Årdal kulturhus i Øvre Årdal tysda 13. november.

Framsyninga i Årdal er klokka 19.00 tysdag 13. november. Teateret har eit tilbod på billettar, dersom det blir tinga fem billettar eller meir samstundes. Då er prisen 180 kro ner per person, inkludert billettavgift. Ordinær pris inkludert avgift er 320 kroner per billett.

Nedanfor kan du lesa ein omtala av framsyninga, skriven av Sogn og Fjordane teater:

Alvhild og veslesøstera rotar rundt i høyet på jakt etter kattungar når fingrane plutseleg treff kaldt stål. Dei finn skytevåpena som brørne i motstandsrørsla har gøymt. Dei veit godt at dei ikkje må snakke om det, at det er farleg. Likevel snappar tyskarane det opp. Søstrene blir henta av soldatar og avhøyrde på Gestapo-skøyta som ligg til kai i Florø. To av brørne blir sende til konsentrasjonsleir, og éin må gøyme seg i fjellet. Alle tre overlever krigen. Men den eine blir aldri meir seg sjølv.

 

Historia er sann, fortalt av hundreåringen Alvhild Stafsnes. Ho har alltid følt skuld for det som skjedde. Som den eldste av søstrene skulle ho ha passa betre på, meiner ho. Det er den personlege krigen i krigen.

 

Denne og mange fleire historier frå 1930 og fram til i dag er iscenesette i Eg er i går. Stykket er resultat av eit stort arbeid ved Sogn og Fjordane Teater. Manus er basert på intervju med eit knippe av fylkets seniorar i alderen frå nokre-og-sytti til 100 år. Dei er den siste krigsgenerasjonen. Åra under tysk okkupasjon pregar livet deira, men det er langt ifrå det einaste dei har på lager. Dei fortel om forelsking, lyden av barneføter, det første fjernsynet. Dei bygde vegar som batt grendene i lag, dei bygde landet. 

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter