Menu
Tidlegare sjåførar samla på Klingenberg Hotell Tidlegare sjåførar samla på Klingenberg Hotell Foto/tekst: Egil Jørgen Lund

Tidlegare sjåførar hjå Einar Kristiansen samla til mimring i Årdal

Lørdag  9 mai var tidlegare sjåførar hjå Einar Kristiansen samla til hyggeleg samvære på Årdalstangen.

Dagen starta med ein busstur til Tyin, deretter til Lærdal og tilbake til Årdal langs fjorden. Om kvelden var det middag og samvære på Klingenberg Hotel.  

Sjåførane som samlast denne gongen var sjåførar som køyrde hjå Einar Kristiansen før det vart A/S. Initiativtakar til dette arrangementet var Kjell Eirik Jensen med god hjelp av Kåre Rabben og Ingebrigt ”Didde”  Wangensteen Gjerde. Totalt var det sendt ut invitasjon til 25 stykk derav 14 hadde anledning til å møte, noko Jensen seier han er vel nøgd med. Særleg var det stor stas å få med Kjellaug Elde som sat på kontoret og sørga for at me fekk utbetalt lønningar, seier Jensen. Ei sprek dame på 85 år!

Under middagen framførde ”Didde” eit historisk foredrag der han fortalde om frå tida då Einar kom til Årdal og starta med køyring.  Vidare fortalde han om korleis Einar og kona Brita bygde og styrte firmaet saman, fram til drifta gjekk over ende og det blei omgjort til aksjeselskap.

Det blei mykje mimring og gode historiar utover kvelden, med tilbakeblikk på køyring i både innland og utland, bilpark, last, og mykje anna!  

Les meir om dette og om Einar Kristiansens transportfirma i neste nummer av Årdal Før og No som kjem i sommar!

Bakre rekke fra venstre:  Bjørn Nygård, Roar Nythun, Ingebrikt Wangensteen Gjerde, Kjell Eirik Jensen, Knut Helge Grøtteng,  Kåre Rabben, Magne Kolås, Svein Rune Noreide, Arne Månum.  Fremre rekke fra venstre:  Leif Heine Skyvulstad, Kjell Nilsen, Leif Inge Lerum, Arne Nygård og Kjellaug Elde i stolen.

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter