Menu

Julefeiring i Årdal fyrst på århundret

 

Av Torhild Lindland

"Jau, hugsar godt gjer eg. Berre så synd at synet har svikta. No må eg lata att augo og prøva å koma i hug det eg har lese før" Replikken kjem frå ei kvikk og kunnskapsrik dame på 93. Ho minnest juler frå 1904 og framover. Ordet har ho i si makt både til å deklamere og fortelje. Minna blir levande og skildra, med innsmett av strofer frå songar og salmar.

Førebuingar

Eg gifte meg i 1927 og kom til garden her.. Det var hard arbeid på ein gard i den tida. Det var slakting om hausten, først av sau, så av gris. Kjøtet vart salta eller hermetisert. Hermetiseringa var først på boks, seinare på glas. Karane stod for dette arbeidet. Tilda på Bakken var elles til god hjelp mang ein gong. Nærare oppunder jul var det husvask og kakebakst. Sortane var; krumkaker, julebrød, sandkaker, fattigmann og smoltringar. Til sistnemnde sortane nytta ein smolt etter slaktinga. Flatbrød og lefsekling høyrde med. Desse leivane vart lagra på stabburet. Der vart turt og kaldt, ei god erstatning for frysaren av i dag.

Sjølve julefeiringa

Veslejuleaftan var det julebad. På heimegarden min var det bad i kjellaren, og alle fekk seg eit bad til jul. Dei minste bada fyrst, så gjekk det tur i tur og orden vidare etter alder. Ikkje mange hus hadde bad i den tida, så etter eg var gift og flytte ut, var eg framleis heime for å få "julelaug". Julefeiringa her på garden er enno etter gamle tradisjonar.

Julaftan

Klokka 13.00 julaftan har vi syltelabbar, tomtebrygg, potetkaker, vaflar og poteter. Innmat høyrer med, slik som hjarte og nyre. Tidlegare hadde vi noko vi kalla krake, som var kjøt frå brystbein av gris. Etter "fjøstid" når kjørkjeklokkene ringjer, dekkjer vi kaffibord. Så er det fyrst graut, så lutefisk, flatbrød, sylteflesk og kjøtkaker. Vi feirar slik som det vart gjort frå gamalt, men med litt "ekstra" til dei unge. Før gjekk me kring juletreet. Eg kan hugsa at me hadde to store ringar rundt juletret. No set dei ei lita buske opp på ein krakk. Dei har vore snille å kome og feira jula her med meg. Det blir den 70. jula eg sit til bords her i denne stova! Medan svigerfar levde, las han juleevangeliet julekvelden. Gåver var det lite av. Me fekk nye klede og nye skor. Eit og anna julehefte kunne det bli, slik som "Vangsgutane".

1 juledag

1.juledag var det middag midt på dagen. Denne dagen skulle ingen ut på besøk. Ein skulle halda seg kvar og ein hjå seg sjølv. Men eg hugsar at me lute oss til å stå under huset i Endregarden. Det var så fint å høyra han Annfinn spela der inne.

2.dag jul

2.dag jul var dagen for for julegjestebod. Alle frå garden vart bedne, små og store. Nokre lærarar budde hjå oss. Dei vart og bedne. Ingen vart sett att. Det vart servert kaffi og kaker. Gjerne vart det og kveldsmat med alt godt av brødmat og pålegg. Eg hugsar ho Marte i Garden. Ho hadde slikt godt sylteflesk. Folk skulle kvila og halda høgtid i jula. Alt handarbeid skulle leggast vekk mellom helgane.

2.dag jul var det og Bibellesing i kjellaren i skulehuset i Skulehusbakken. Seinare vart desse lesingane flytta til Farnes Skule på Torget, i kjellaren der.

Nyttårsfeiring

Nyttår vart feira om lag som jul. Regelen om å halda seg heime med familien gjaldt som i jula. Det var ikkje festar eller rakettar som no. Ein salutt, derimot, vanka det nygifte når dei kom heim frå kyrkja på Årdalstangen..

13.aftan og 20.aftan

13.aftan eller 6.januar var som ei lita julaftan. Då åt vi restane av det som var kokt og bakt til jul. Det var likevel 20.aftan, 13 januar, som markerte utgangen av jula. "20.dags Knut, jagar jula ut", sa folk. På denne datoen skulle juletreet ut, men det hende at nokon hadde det ståande utover ei tid.

Julegjestebod

På gardane rundt om var det som regel ei stor bestestove, eller sal som dei kalla det. Denne stova vart varma opp i jula, særleg når det skulle haldast julegjestebod. Frå 2.dag jul var det vanleg å innby gardsfolk og husmenn frå grenda. "Me var saman med dei i Endregarden, Håvardsgarden og Midtun. Dei på Bakken og Jo-folka var og med. Det vart mange samla."

Juletrefestar

Juletrefestar vart haldne i ungdomshuset. Alle møtte fram, små og store.Lærarane var ansvarlege, og dei eldste ungane hadde litt underhaldning. Så var det gang rundt juletreet og song attåt. Nisse og pakker var det ikkje, slik som no. Hadde ein fått noko ekstra til jul, var det eit høve til å få synt det. Eit år hadde dotter vår fått seg ny silketruse som ho var framme og synte til læraren, Hans Seim! Det var mykje meir song i den tida. Me song julesongar på skulen hjå Jørgen Hæreid. Han var så flink til å synja med oss. "De kommer så fjernt de konger tre, alt fra de fremmede lande", er ein song han lærde oss. Songane var mykje dei same som no: "Å, jul med din glede", "Her kommer dine arme små" og "Eg er så glad kvar jule kveld" Den songen eg tykkjer aller best om er "Det hev ei rosa sprunge." Den er eg så glad i. Av dei nyare likar eg godt "Det lyser i stille grender". Ein song som høver godt for Årdal og som kom i "seinare tid" er "Kaldt og mørkt og lite sol, såleis er det fram mot jol. Snø og is all jordi gøymer, allting ligg i lengt og drøymer".


Julebukkgange

Av annan julemoro, kan nemnast julebukkgange. Det føregjekk i dei såkalla klavadagane mellom jul og nyttår og fram til 20.dag. Ein gong hadde Laberg-Inga og eg kledd oss ut med putevar over hovudet og gamle klede. Det gjaldt å syngje litt, i håp om å få eit eple eller ei appelsin. Me var mellom anna hjå han Sølvfest i Midtun. Me laga oss moro sjølve. Var det snø, sigla me på kjelke frå Ve og nedover.

Julepynt

Nissen hadde liten plass i julefeiringa. Eg kan ikkje hugsa at me satte fram mat til nokon nisse i fjøset. Derimot var det alltid ekstra med godt høy til dyra i jula. Pynt var det heller ikkje så mykje av. Eg broderte meg ein fin juleduk. Heime støypte me trearma lys til minne om Dei Heilage Tre Kongar. Juletrea var pynta. Det kunne vera lenker, prospektkort og kuler. Levande lys vart brukte, og kveikte når me gjekk rundt treet. Ikkje alle hadde så mykje pynt, men alle hadde juletre. Han Einar "Bakaren" Hestetun, laga så fine kakemenn til å ha i treet. Dei vart etne når jula var til ende. Trea vart høgde på fleire stader. Anders på Haugen fann alltid tre i Rausnes. På Dugurdshaugen ved Sitla, og og i Moagaldane voks det og furu som var fine til juletre. Det var berre furu som vart nytta.

Jul under krigen

Julehelgane under krigen var spesielle. Heldigvis hadde me rikeleg med mat på garden. Og folk delte med kvarandre, gav mat til dei som ikkje hadde. Slik var det den gongen. Me hadde korn, grov kveite, som me sende til Erdal til mølla. Me hadde kvern sjølv til å mala grovare , til dømes til grisane. Dei fleste nytta krisesmør, kvit graut blanda med smør. Framfor glasa var det blendingsgardiner. I fjøset sette me opp celluloseplater til å skjerma for lyset. Celluloseplatene vart elles bløytte opp, revne sunde og strødde med mjøl til kyremat.

Nyare skikkar med julebord og messer er framande. "Eg har ikkje vore på eit einaste julebord", er kommentaren. Men denne dama har fått mykje med like vel. Ho reflekterer over Petter Dass som prest, kommenterer Snorre sine kongesoger og har elles eit hint om nyhende i Irak så vel som matvanar hjå skuleungdom no for tida. Det er ikkje gjort på eitt intervju å tømme ei slik kjelde. Intervjuaren takkar for ei lærerik stund med ei beundringsverdig dame.

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter