Menu
Juleførebuingar i Årdal på 50- og 60 talet Foto: Jonny Asperheim

Juleførebuingar i Årdal på 50- og 60 talet Spesial

"Barndommens Jul" - Slek eg hugsar det

 B23082017ID98885F1OBXMVRQQWOJU

Ingen reklameflom i posten, lite i lokalavisene, og fjernsynfritt! Likevel fylgde vi med på kalendaren og gleda oss til det som skulle koma. Jula var familien og slektas store høgtid. Det var tid for den gode maten, dei nye skoa og kleda - juleselskap og juletrefestar. Kyrkjegang og julebukkar.

Lokale sydamer og flittige mødre og bestemødre måtte ha god tid på seg til fornying av borna sine klede. Ikkje uvanleg at tøyet, knappar og tilbehør var kjøpt i ”byn” eller frå stuv på manufakturen. Skreddaren sydde herreklede. Tanken på juletrefestane hjalp oss å halde ut all prøving med stikkande knappenåler under sy-prosessen.

Tenning av stort juletre i sentrum på Tangen var ein skikk som tok til sist på 1940 talet (trur eg). Gamle og unge stod samla kring det lysande treet i krysset nær Klingenberg Hotell og administrasjonsbrakka til ÅSV. Musikkorpsa spelte kjente juletonar. Adventstjernene vart hengt opp i glasa rundt om i heimane. Stjernene var av papir og til å folde ut, med lyspere inni. Det vart stemning og lun hygge i stova. Elektrisk juletrebelysning vart også no vanlegare..

images

Utstillingsvindaugo til butikkane blei pynta og vi borna brukte lang tid på å beundre og ynskje oss noko av stasen til jul. På Tangen var det bra mange butikkar etter krigen, 3 daglegvarebutikkar (Samvirkelaget,Dahl og Øren ) bakeri, meieri, fiskebutikk, fruktforretning, skobutikk, bokhandel, manufaktur, sportsforretning, elektrisk, fargehandel, urmakar, dame og herrefrisør, kiosk, kafe og postkontor! Appelsiner fekk me berre kjøpt til jul. Dei kom i trekassar og kvar appelsin var pakka i silkepapir med fine merker og språk frå ukjente land. Juleansjos i blå boks med nissar på, frå Bjelland, var også sesongvare og høyrde saman med hardkokte egg på smørbrøda som ofte var gjestebodsmat i jula.

Kvinnene tok julevasken helst etter at det meste av bakst og steiking var unnagjort. Då avtrekksvifte på kjøken var ukjent, måtte det til både salmiakk og grønsåpe. Madrasser, ulltepper,filleryer vart banka utandørs. Få hadde støvsugar. At det blei mykje ekstra arbeid for kvinnene, var det vanlege. Mest alle kvinner hadde arbeid i heimane, få var yrkesaktive på heiltid. Tidleg på hausten var kjøtkaker og sosekjøt hermetisert på Norges-glas. Det same med epler,perer og plomer som blei brukt til dessert td.i jula.

Rull og sylte blei laga like oppunder jul, og oppbevart i saltlake. Av småkaker var det minst 7 slag. Vanleg var: Sirupsnippar, goro, fattigmann, hjortetakk, serinakaker, sandkaker, krudlakaker, ingefernøtter med meir. Kakeboksar og spann vart fyllte. Vi born hadde jamvel fått smakt både på deigen og småkaker som gjekk sunde, eller fekk for sterk steik. Julebrød blei steikt til slutt, like før høgtida - for det måtte vera ferskt.

9883f6790b3d7b76177325048a87407f

Til slekt og vener som budde andre stader sende vi julekort. Og stor spaning var det å sjå i hylla hos ho "Kari på posten", om vi fekk noko, og kanskje eit og anna fylgjebrev? Der var spenninga stor, men mor gøymde pakka til julekvelden.

Adventskalendar med luker for kvar dag selgde jentespeidarane tidleg på 50 talet. Endå meir spenning ! Ikkje ein dag eller luke vart gløymd. Ei heil lita verd var gøymd bak kvar luke ! Salg av julehefter deltok vi borna med, når vi var så store at vi forstod oss på pengar. JOL I SOGN var eit av dei. Ikkje så veldig spanande for oss born, men vaksne las dei frå perm til perm.

Jau, fedrene/mannfolka hadde også faste oppdrag. Juletre måtte skaffast. Furu var vanlegast, og einer/sprake kunne gå an. Den gamle trefoten i kors kom ned frå loftet, og var treet gissent, måtte det borast hol for å sette inn ekstra greiner på den dårlege sida. Ikkje uvanleg at fedrene tok hårklyppinga på gutane i skulealder og yngre. Men håndklyppemaskina lugga, og det vart fleire rømmingsforsøk frå taburetten med handuken om halsen. Poden blei bestemt sett på plass att med tårer og hårstubbar i heile fjeset. Mor lova belønning med rosiner om det blei fullført.

Langt frå alle hadde baderom med dusj eller badekar. Men vaska blei me, og reint frå innerst til ytterst. Eggmelksæbe og Sunlightsåpe var godt nok.. Ukjent var 100 variantar sjampo, balsam og fuktighetskrem !Og ikkje hadde vi stringtruser eller boxershorts. Solid Kronemakko og Janus råda grunnen aleine !Hadde vi sett undertøyreklamen som er no, ville det vore pornografi !

images 1

På skulen var det førebuing og. Juletrepynt som vi pynta skulestova med og sidan fekk med heim. Det glansa papiret var dyrt, så me øvde på avispapir før saksa fikk sleppe til på raudt,grønt,blått,gult og kvitt papir. Fletting av korger i to fargar var vansklegheitsgrad 3, lenker av samanlimte strimler gjekk det mest av, det var lett og raskt gjort. Meter på meter vart hengt opp på trea. Den flinkaste eleven i klassen fekk teikne på skuletavla med fargekrit og fritt valgt motiv. Og dei mest kjente julesalmar/songar blei øvd inn a-capella (utan instrumentalt fylgje). Me fekk bruk for dei på juletrefestane.

Men fyrst var det familiegudsteneste i kyrkja på julafta. Musikkalske innslag vart meir og meir vanleg. Lokale korps og sang- kor stilte opp framme i koret, Fagforeningens musikkorps , Tangen Arbeiderkor og Guttemusikken var ofte i vinden ved høgtider i bygda. Juleevangeliet trudde me skråsikkert på. Kvifor skulle me ellers feire jul ? At nissen var ein heidensk skikk fekk no so vera, han høyrde no til jula han og tykte me ungane..

Kyrkja var alltid full av helgekledde, unge som gamle. "God jul" blei helsa ,før alle gjekk heim og kvar til sitt..

Appelsiner hadde vi berre ved juletider, så det er eit av dei gode juleminnene. Skalet la vi på komfyr/ovn og det blei godlukt ! Bestefar varma også epler til oss borneborn på vedovnen. Når juletreet kom innomhus for å bli pynta på julafta, anga det i heile huset. Frå magasinkomfyren dufta heimelaga surkål og svineribbe. For eit eldorado av lukter ! Far med "Floyd" etterbarberingsvatn, kvit skjorte og sigar ! Det var nydampa, mjølne poteter til ribba. Kvit damaskduk på bordet .Levande lys i blankpussa stakar, det beste middagsserviset og bestikket. Juleserviettar , stetteglas til tomtebrygg/heimebrygg og anna drikke.

Juleglede i vindaugskarmen, kristorn i vase og ferdigpynta juletre med stjerne eller spir i toppen , norske flagg i trådlenker,glitter, glaskuler, smånissar av garn,og småfuglar med silkestjert. På kjøkenveggen hadde mor pynta med fargerik juleløpar av papir Hyllene i kjøken- skåpa hadde fått nytt vokspapir med julemønster.. Mor med nystrøke, kvitt forkle over bestkjolen og, raud i kjakane av arbeid ved komfyren og vi borna utålmodige ,tykte tida gjekk så smått til utdelinga av pakkene som låg under treet. Vi hadde lokalisert dei mest spanande . Me visste med stor sikkerheit om dei mjuke med heimestrikka labbar frå gamle faster.Det låg alltid ein liten Riegel mjølke- sjokolade (25 øres) i ein av labbane.

7b0e700b33b7d4e34d1e3e0c7f0eb243

Bøker og spel let seg også lett identifisere under julepapiret. Ludo,Monopol,Gnav og SvartePer stod høgt som ynskje. Andre julegover kunne vera lommedukar,kam og spegel,speidarkniv,smykkeskrin.Og kjerkomne ,håndstrikka jakkar , gensarar, vottar og huver frå omsorgsfulle og trottuge bestemødre. Det vart sett fram fikner,dadler og nøtter av ymse slag til seinare på kvelden. Småkakene vart sett fram til kaffikosen , mens vi born tok i bruk julegåver og gledde oss over alt vi hadde fått..

Trøytte,mette og fornøydde gjekk me til sengs og gledde oss til endå fleire dagar av jula... eg kan ikkje hugsa at me ”kjeda” oss (og det utan TV-CD-,DVD-PC-,video,-elektroniske spel eller mobiltlf.)

I romjula kunne me gå julebukk og det venta mange juletrefestar i Ungdomshuset og Folketshus og juleselskap hos slektningar.. Men det er ei anna soge !

Signa Jul og hugnadsamt nytt år !
(som han bestefar "Hole-Jøren" sa)

Oda-Marie, årgang 1942

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook