Menu

Årdal kommune 150 år

Årdal kommune sitt 150 års jubileum vart halde i Samfunnshuset Øvre Årdal i dagane tirsdag 16.februar til fredag 19.februar. Årdal Sogelag hadde utstilling, "Frå fossekraft til hjernekraft", ei biletreise gjennom Årdal si historie.

 

Til markeringa av Årdal kommune sitt jubileum er det gitt ut ei praktbok som oppsummerer desse 150 åra. Den rikt illustrerte boka fortel om kampar for å sikra lokalsamfunnet sine interesser, om årdølene sine politiske krefter og om korleis kunnskap har prega utviklinga av industrisamfunnet. Bruken av vasskraft til industrielle føremål i lokalsamfunnet blei ei hovudsak for kommunen – ei sak som enno er aktuell.

På 1800-talet handla politikken om å stå på eigne bein. Ny kyrkje blei bygd. Skulane trong nye hus. Mange årdøler blei deltakarar i demokratiske prosessar gjennom det lokale sjølvstyret. Nytida i Årdal kom med utbygginga av Tyinvassdraget tidleg på 1900-talet. Bruken av vasskraft til industrielle føremål i lokalsamfunnet blei ei hovudsak for kommunen – ei sak som enno er aktuell. Rundt fabrikkane voks det fram eit levande samfunn, og Årdal kommune blei ein garantist for gode velferdstilbod.

Forfattarar for boka er Johs. B. Thue, Aage Engesæter, Oddvar Natvik og Steinar Lægreid. Jonny Asperheim har vore biletredaktør.

Me gjev her nokre glimt frå noko av det som føregjekk i Samfunnshuset desse dagane:

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Årdal Kommune 150 år

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter