Menu
Sverre Natvik var ein av dei som prøvde seg på å kasta på stikka uner open dag ved Russarbrakka. Sverre Natvik var ein av dei som prøvde seg på å kasta på stikka uner open dag ved Russarbrakka. Foto: Jonny Asperheim

Prøvde gamle kunstar under open dag

Under open dag ved Russarbrakka laurdag 8. juni vart ein gamal konkurranse, nærare bestemt det å kasta på stikka, trekt fram i lyset att. 15 personar i alderen seks til 83 år drista seg til å delta i konkurransen.

Den som sigra i denne uhøgtidlege tevlinga var Helge Øvstetun. I sitt beste kast plasserte han femøringen berre tre millimeter frå stikka. 
Anja Bolstad låg lenge i tét, men ho måtte til slutt sjå seg slått med sopass lite som 1,5 millimeter. 
Nummer tre i tevlinga vart Anne Sofie Aarsbog, med eit bestekast som landa 26 millimeter frå stikka.

Det vanka premie til dei tre beste i tevlinga. Førstepremie var Band 1, 2 og 3 av bygdebok for Årdal, andrepremie var jubileumeboka til Årdal kommune frå 2010, medan den gamke bygdeboka skriven av Jon Laberg var tredjepremie.

Premiane blir leverte til dei tre vinnarane.

Årdal Sogelag gratulerer vinnarane, og takkar alle som deltok for innsatsen. Takk også til alle andre som tok turen til Russarbraakka denne dagen. Ei særskild takk til Årdalstangen Musikklag, som har gjort det til ein vane å underhalda ved brakka under open dag.

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter