Menu
Frå Open dag i 2010. Også den gongen stilte Årdalstangen Musikklag opp. Frå Open dag i 2010. Også den gongen stilte Årdalstangen Musikklag opp. Arkivfoto

Open dag i Russarbrakka

Tradisjonen tru, held Årdal Soeglag dørene opne i Russarbrakka i Saltviki i samband med Fjord til fjell laurdag 8. juni.

Mellom klokka 11.00 og 14.00 laurdag 8. juni blir det ope hus i Russarbrakka, Årdal Sogelag si brakke i Saltviki på Årdalstangen. Vegen opp til brakka går via Russartrappa bak bygget til Sortland, men i år blir det også merkt ein alternativ veg som ikkje er så bratt.
I tillegg til omvsing i brakka, blir det både korpsmusikk ved Årdalstangen Musikklag og konkurranse utandørss ved brakka. Konkurransen  blir å kasta på stikka. Ei velkjend tevling frå 1950- og -60-talet.

Det blir også høve til å kjøpe bøker og blad frå sogelaget sitt lager. Og sjølvsagt sal av kaffi og kaker.

Vel møtt den 8. juni!

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Besøk oss på sosiale medier

Facebook Twitter