Menu

Innkalling til årsmøte 27. februar

Årsmøte i Årdal Sogelag, torsdag 27.februar, 2020 kl 18:00 på Klingenberg Hotel.

Sakliste:

1 Godkjenning av innkalling og sakliste

2 Val av møteleiar og sekretær

3 Godkjenning av årsmelding for driftsåret 2019

4 Godkjenning av rekneskap for driftsåret 2019

5 Godkjenning av budsjett for 2020

6 Innkomne saker

7 Fastsetting av kontingent

8 Val

Saker som skal handsamast på årsmøtet må vera styret i hende seinast mandag 24.feb. 2020.

Styret i Årdal Sogelag

Jørgen Asperheim ( leiar)

Les mer

Prøvde gamle kunstar under open dag

Under open dag ved Russarbrakka laurdag 8. juni vart ein gamal konkurranse, nærare bestemt det å kasta på stikka, trekt fram i lyset att. 15 personar i alderen seks til 83 år drista seg til å delta i konkurransen.

Den som sigra i denne uhøgtidlege tevlinga var Helge Øvstetun. I sitt beste kast plasserte han femøringen berre tre millimeter frå stikka. 
Anja Bolstad låg lenge i tét, men ho måtte til slutt sjå seg slått med sopass lite som 1,5 millimeter. 
Nummer tre i tevlinga vart Anne Sofie Aarsbog, med eit bestekast som landa 26 millimeter frå stikka.

Det vanka premie til dei tre beste i tevlinga. Førstepremie var Band 1, 2 og 3 av bygdebok for Årdal, andrepremie var jubileumeboka til Årdal kommune frå 2010, medan den gamke bygdeboka skriven av Jon Laberg var tredjepremie.

Premiane blir leverte til dei tre vinnarane.

Årdal Sogelag gratulerer vinnarane, og takkar alle som deltok for innsatsen. Takk også til alle andre som tok turen til Russarbraakka denne dagen. Ei særskild takk til Årdalstangen Musikklag, som har gjort det til ein vane å underhalda ved brakka under open dag.

Les mer

No kjem snart sommarnummeret av Årdal Før og No

Om eit par veker dumpar utgåve nummer 52 av Årdal Før og No ned i postkassen til medlemene i Årdal Sogelag. Denne gongen lovar me ei fyldig utgåve på heile 56 sider.

 Ferielektyre i sommar blir artiklar med innhald både frå 1800-, 1900- og 2000-talet. Me kan nemna tjuvfiske i Tyin, kanalplanane i Hæreidselvi, ein artikkel om korleis det stod til i Årdal tidleg på 1900-talet. 
Me har også henta stoff frå skribentar litt lenger ut i fjorden til denne utgåva. Jon Navarsete, kjend frå idrettsmiljøet og artikkelseriar i Sogn Avis, har levert tre artiklar, medan Vidar Lægreid har skrive ein artikkel om mjølketransporten mellom Hafslo og Årdal i etterkrigdstida.

Og lesarane våre har mykje meir å gleda seg til ...

Les mer

Årsmøte 2019

Det vert halde årsmøte i Årdal Sogelag torsdag 21. februar 2019, kl 19:00, på Klingenberg Hotel.

Saker til årsmøtet må vera styret i hende innan 7. februar 2019.

Enkel servering.  Vel møtt! 

Styret

Les mer

Verksbåten er komen heim

Den gamle motorbåten til Årdal Verk, MB "Tya", er no komen heim att til Årdal. 

Etter at det tidlegare i år vart kjend at MB "Tya" var til sals, vart det starta opp eit arbeid for å sikra at båten kom heim att til Årdal. Båten låg i sommat ved kai i Drammen, og då tok ein delegasjon frå Årdal turen dit for å synfara båten. Med på synfaringa var også båtbyggjar Øyvind Hatlevoll på Ornes.

Båten vart funnen i god stand, og etter synfaringa tok Årdal sjøfront as på seg ansvaret med å kjøpa og stå som eigar av båten. Årdal Sogelag vedtok på styremøte den 6. sepetmber i år å løyva 50.000 kroner til Årdal sjøfront til heimkjøp av båten.

Fredag 9. november i år vart MB "Tya" henta heim att til Årdal. Det var O. Hæreid as sine folk som stod for transporten frå Drammen til Årdalstangen.

Vonleg vil den staselege båten bli å sjå på Årdalsfjorden etter kvart. 

Les mer

Adresse

Årdal Sogelag

Naustvegen 9
6884 Øvre Årdal

E-post

post@sogelaget.no

Følg oss!

Facebook